Sandfjorden er ein fjord på Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden ligg inst i Knivskjellbukta som ligg mellom Knivskjellodden og sjølve Nordkapp. Han strekkjer seg 1,8 km sørover til botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Ørnberget i vest og Avløysa i aust. Sandfjorden er 28 meter på det djupaste, ytst i fjorden.

Det er ingen busetnader ved fjorden.

Kategori:Fjordar i Nordkapp