Østerbotn eller Austerbotn (nordsamisk Soggovuotna, finsk Sokkuvuono) er ein fjordarm av inst i Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 9 km sørover til Østerbotnhalsen i botn av fjorden, eit lite stykke aust for Lakselv.Østerbotn på Norgeskart.no frå Statens kartverk

Fjorden går langs austsida av Oldereidneset og har innløp mellom Gáhkkorláttonjárga i vest og Store Bjørnnes i aust. På andre sida av Oldereidneset ligg Vesterbotn og Brennelvfjorden. Austerbotn er mykje djupare enn den grunne Vesterbotn og er 106 meter på det djupaste, eit godt stykke ut i fjorden. Det ligg fleire mindre busetnader langs fjorden, som Handelsbukt og Fluberg på austsida, og Hamnbukt på vestsida.

Fylkesveg 98 går langs botn og austsida av fjorden.

Kjelder

Kategori:Fjordar i Porsanger