Landersfjorden (samisk Lánavuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5 km sørover til Issatgohppi i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Brattholmen i vest og Sommarvikneset i aust. Sør for Brattholmen går Storfjorden sørover. Det er eit par bustader lengst sør i fjorden, men ingen større busetnader. Fjorden er 187 meter på det djupaste, midtfjords ved munningen.
Riksveg 98 går langs søraustsida av fjorden.
Kategori:Fjordar i Lebesby