Eidsfjorden (nordsamisk Oarjjit Nuorevuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden på sørsida av Nordkinnhalvøya i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 15 km søraustover til Hopseidet i botn av fjorden. Hopseidet er eit om lag 500 meter breitt eid som går over til botn av Hopsfjorden, ein fjordarm av Tanafjorden.
Fjorden har innløp mellom Kifjordneset i nord og Ersneset i sør. Vest for Kifjordneset går Kifjorden nordover. Dei einaste busetnadane ved fjorden er garden Nordmannset på nordsida i den ytre delen og ved Hopseidet i botn av fjorden.
Riksveg 888 går langs den indre delen av fjorden.
Kategori:Fjordar i Lebesby