Risfjorden (nordsamisk Miennavuotna) er ein fjordarm av Kongsfjorden i Berlevåg kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5 km sørvestover til botn av Øster-Risfjorden.

Fjorden har innløp mellom Nordmanneset i nord og Veidnesodden i sør. Sør for Veidneset ligg tettstaden Kongsfjord. Risfjorden deler seg i to små armar i den indre delen, Vester-Risfjorden og Øster-Risfjorden.

Riksveg 890 går langs botn og nordvestsida av fjorden.

Kategori:Fjordar i Berlevåg