Smørstabbrean (Smørstabbreen) er den største isbreen i Jotunheimen og ligg ved Smørstabbtindan aust for Sognefjellet. Smørstabbrean er ein platåbre med tre brearmer, Bøverbrean og Leirbrean mot vest og Sandelvbrean møt nordaust.

Isbreen er lett tilgjengeleg frå Krossbu ved Riksveg 55 og frå Leirvassbu. Om sommaren er det fast føring over breen mellom desse to hyttene. DNT har i mange år halde brekurs på Smørstabbrean med utgangspunkt i Krossbu.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Smørstabbreen» frå , den 3. april 2008.

Kategori:Jotunheimen Kategori:Isbrear i Lom