2685 Masursky er ein asteroide i hovudbeltet. Han blei oppdaga av Edward L. G. Bowell i 1981 og er namnsett etter Harolds Masursky (1923-1990), ein planetarisk geolog hos U.S. Geological Survey i Flaggstaff som arbeidde på mange romutforskingsprosjekt.

Lite var kjend om Masursky før Cassinin-sonden passerte han på veg til Jupiter og Saturn den 23. januar 2000. Sidan Cassini passerte asteroiden ved ein avstand på 1,6 mill. km (omtrent fire gongar avstanden mellom Jorda og månen) viste ikkje bileta romsonden tok meir enn ein lyspunkt utan spesielle trekk. Cassini kunne likevel avgjera størrelsen (diameteren) til Masursky som er på omtrent 15-20 km.

Banen til Masursky ligg innanfor asteroidefamilien Eunomia som består av S-type-asteroidar. Cassini sine observasjonar skapte noko tvil kring samansetnaden til asteroiden, men seinare bakkebaserte spektroskopiundersøkingar bekrefta at han hadde eit S-type-spektrum.

Fotnotar

Masursky Masursky Masursky