Sjå òg Osterøy kommune.
Osterøy er ei innlandsøy som ligg like nordaust for Bergen i Vestland. Øya er omringa av Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. Osterøy er den største av øyene i Noreg som ikkje vender direkte ut mot havet, og har eit totalt areal på 330,16 km². Osterøy er delt mellom kommunane Osterøy og Vaksdal, der Vaksdal kommune dekkjer ein del nordaust på øya.
Det bur om lag 8200 menneske (2023) på Osterøy. Det høgste fjellet er Høgafjellet som strekkjer seg 870 moh., medan Brøknipa (822 moh.) er det nest høgste.
Kommunikasjon Fredag 3. oktober 1997 vart ein merkedag då den 1065 meter lange hengebrua, Osterøybrua, over Sørfjorden mellom Kvisti på øya og Herland på fastlandet vart opna av samferdsleminister Sissel Rønbeck. Men øya vart første gong landfast i 1985 då brua over Kallestadsundet i Vaksdal kommune stod ferdig. Dette brusambandet gagna berre innbyggjarar i Vaksdal kommune. I tillegg til desse to brusambanda finst ferjesamband mellom Valestrand og Breistein.
Geografi Fjell på Osterøy
Namn moh. Høgafjellet 869m Brøknipa / Bruviknipa 822m Rispingen 742m Kvamsfjellet 694m Vedafjellet 673m Såtefjellet 666m Stangfjellet 640m Stemmeseggi 572m Vestrefjellet 559m Tveitefjellet / Settnipa 556m Hoklane 483m Erstadfjellet 466m Hæddena 462m Raunelifjellet 458m Rotten 438m Iseggene 374m Burkelandsfjellet 365m Klubben 352m Sørkletten 341m Myrbærstøfjellet 318m Verafjellet 314m Orratuva 303m
Folketalsutvikling: 1900Folketeljing 1900, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyråBefolkning og endringer, etter region, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2023 5551 ca. 7050 ca. 8200
mini|venstre|Sentrale område av Osterøy sett frå Brøknipa
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «:nb:Osterøy (øy)» frå , den 6. april 2008.
Kategori:Øyar i Vestland Kategori:Busetnader i Osterøy Kategori:Geografi i Vaksdal