mini|Pieter Bruegel den eldre: Die Kornernte, 'Kornhausten' eller 'Skuronna', 1565 Onn (frå norrønt ǫnn, 'iver' eller 'møde') viser til dei årvisse travle periodane i jordbruket. Fleirtalsforma er onner (av annir). Dei ulike årstidene hadde ulike arbeidsoppgåver, så dei ulike onnene har ulike namn:

Våronn: klargjering av åkrane, såing og gjødsling. Slåttonn (òg kalla høyonn): tradisjonelt slått, tørking og berging av høy, men i moderne tid og siloslått. Skuronn: tradisjonelt skjering, tørking og berging av korn, i moderne tid skurtresking.

Ein kan også ha meir spesifikke onner, som plogonn, torvonn, lauvonn og potetonn.«onner» i Store norske leksikon

Kjelder

Kategori:Jordbruk Kategori:Landbrukshistorie Kategori:Ord frå norrønt Kategori:Innhausting