Java er ei av hovudøyane i Indonesia. Ho ligg sør for Borneo og aust for Sumatra. Øya har eit areal på 128 297 km² og er tett folkesett av rundt 160,2 millionar. Den indonesiske hovudstaden Jakarta ligg vest på Java.
Java er ei av Sundaøyane. Nesten heile øya er av vulkansk opphav, og har heile 38 fjell med konisk form, eit teikn på at dei er gamle vulkanar. Området er sterkt ramma av jordskjelv.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Java (øy)» frå , den 25. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øyar i Indonesia Kategori:Det maritime Søraust-Asia