Portland er den største byen i den amerikanske delstaten Maine. Byen ligg ved atlanterhavskysten, i Cumberland County sør i delstaten. Portland er i dag det økonomiske og kulturelle senteret av Maine, og er eit populært turistmål på grunn av det historiske hamneområdet.

Historie Portland har hatt fleire namn. Urfolka som først budde her kalla staden Machigonne, som tyder 'stor hals'. Britane som slo seg ned her i 1632 grunnla ein hamneby dei kalla Casco, seinare, i 1658, Falmouth. Byen blei lagd i ruinar av abenakiarane i 1675, og igjen i 1775 av britane under sjølvstendekrigen.

Ein del av Falmouth kjend som The Neck ('Halsen'), blei bygd ut som hamneområde skild frå resten av byen, og fekk namnet Portland i 1786. Namnet stammar frå Isle of Portland i Dorset i England.Coolidge, A. J. and J. B. Mansfeld (1859). A History and Description of New England, General and Local. Boston: Austin J. Coolidge, p. 301. Portland var delstatshovudstad i Maine frå staten blei medlem av USA i 1820 til 1832, då hovudstaden blei flytt til Augusta.

I 1866 brann mykje av Portland ned til grunnen på den amerikanske sjølvstendedagen, 4. juli. Byen blei hovudsakleg bygd opp att i stein- og murbygningar.

Folk frå Portland John Neal (1793–1876), forfattar Henry Wadsworth Longfellow (1807–1882), diktar og akademikar Marie a'Becket (1839–1904), målar Hiram Abrams (1878–1926), filmmogul Francis Ford (1881-1953), skodespelar og filmregissør William Irwin Thompson (1938—2020), sosialfilosof, kulturkritikar og diktar Stephen King (f. 1947), forfattar Judd Nelson (f. 1959), skodespelar John Erik Riley (f. 1970), norsk forfattar

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Portland i Maine» frå , den 10. april 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Maine Kategori:Busetnader grunnlagde i 1633