Acetalplast er ein plasttype som er eit polymerisasjonsprodukt av formaldehyd. Acetalplast er ein stiv plasttype.caplex.no Det blir produsert av ulike kjemiske føretak med litt ulike foruleringar, og kan ha handelsnamn som Delrin, Kocetal, Ultraform, Celcon, Ramtal, Duracon, Kepital, Polypenco, Tenac og Hostaform.

Historie Acetalplast blei oppdaga av Hermann Staudinger, ein tysk kjemikar som vann Nobelprisen i kjemi i 1953. Han hadde studert polymerisering og strkcturen til acetalplast på 1920-talet, då han studerte makromolekyl, som han karakteriserte som polymerar. Grunna problem med termostabilitet blei ikkje stoffet gjort kommersielt på denne tida.

Kring 1952 syntetiserte kjemikarar ved DuPont ein versjon av acetylplast, og i 1956 søkte selskapet om patent for homopolymeren. DuPont nemnde R.N. MacDonald som oppfinnaren av acetylplast med høg molekylvekt.News & Media Relations Home - DuPont EMEA Patent av MacDonald og kollegaer skildrar tilverkinga av stoff med høg molekylvekt med ein hemiacetal-ende (~O−CH2OH), men også desse mangla nok termostabilitet til å kunna brukast kommersielt. Oppfinnaren av ein acetylplast som var stabil ved varme, og dermed hadde kommersiell bruk, var Stephen Dal Nogare. Han oppdaga at om hemiacetal-endane reagerte med eddikesyreanhydrid blei dei raskt depolymeriserbare hemiacetalane gjort om til termisk stabil plast som kunne smeltast.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Polyoxymethylene» frå , den 21. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Plast