Kvamsøy er ei lita øy i Hardangerfjorden i Kvam herad. Øya ligg i Ytre Samlafjorden, søraust for Øystese. På nordvestsida av øya ligg holmen Øykalven (Tjuvaholmen), det smale sundet mellom dei heiter Øykalvsundet.

Øya har eit areal på om lag 0,4 km² og er om lag ein kilometer lang.kart.kvam.no Det høgaste punktet på øya er 73 meter over havet. Øya har ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt som sender inn vêrdata fire gonger i døgnet til heile verda, ein såkalla synoptisk stasjon. Vêrstasjonen er plassert på Austerhaugen. Det ligg også ei lita fyrlykt, som framleis er i drift, på denne haugen.

Det er fleire gravhaugar på Kvamsøy, og det er gjort funn frå bronsealderen, mellom anna ein bronsecelt.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Vikør prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Kvam herred, frå Digitalarkivet 12 36

Kjelder

Kategori:Øyar i Vestland Kategori:Geografi i Kvam