Håja, opphavleg Håøya, er ei øy i Tromsø kommune i Finnmark. Øya ligg vest for Kvaløya og Sessøya. Håja er ei klippeøy med ei distinkt form, som var inspirasjon då Jan Inge Hovig teikna Ishavskatedralen i Tromsø. Det høgaste punktet på Håja er Nipen på 486 moh.

Håja er eit gammalt fiskevær, og dokument frå 1500-talet viser at øya alt då hadde mange fastbuande. Ut på starten av 1900-talet slutta derimot fiksehandelen på øya. Deretter vart Håja ei tid brukt til oppdrett av raudrev.

Namnet på øya tyder «den høge øya». Øya har gode høve for fotturar og er ein del av Håja–Røssholmen landskapsvernområde med dyrelivsfreding.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Bent Svinnung si padleside om Håja Lovdata: Verneforskrift for Håja - Røssholmen landskapsvernområde

Kategori:Øyar i Tromsø Kategori:Tidlegare busetnader i Finnmark Kategori:Busetnader i Tromsø