mini|Svinør i 2010 mini|Svinør i gamledagar. Bilete er teke frå bak tollhuset på Hammerøya, og bak til høgre ser ein Åvik. Svinør ligg utanfor Åvik i Lindesnes kommune i Agder og er ei gammal uthamn. Svinør vart i tidlegare tider ofte nytta le for uvêr, sidan han ligg som næraste større hamn aust for vêrharde Lindesnes. Det har òg tidlegare vore tollstasjon på Svinør.
I 1800 budde det fleire personer på Svinør enn på Vigeland, som er sentrum i dagens Lindesnes. I dag er det derimot berre fritidseigedomar på Svinør.
Kjelder
Kategori:Geografi i Lindesnes Kategori:Uthamner Kategori:Øyar i Agder