Alnsjøen, feilaktig òg kalla «Alunsjøen», er eit vatn som ligg i Lillomarka nord i Oslo. Vatnet har vore drikkevasskjelde for Oslo sidan 1930. Vatnet er demd opp og er regulert av vass- og avløpsetaten (VAV).

Alnsjøen tømmer vatn til Alnaelva som renn gjennom Ammerud, og ned i Groruddalen der han følgjer Alnaparken og ut i Oslofjorden.

I 2007 vart vatnet tappa ned for opprustingsarbeid. På grunn av dette kunne ikkje Alnsjøen nyttast som reservevasskjelde under vassforureininga av vatnet frå Maridalsvannet i oktober 2007.

Friluftsliv Alnsjøen ligg i eit populært område for friluftsliv og rekreasjon. For å verne drikkevatnet mot forureining er Alnsjøen gjerda inn og merat «ta vare på drikkevasskjeldene dine». I vinterhalvåret vert det opna det portar fleire stader i gjerdet, og det finst oppkøyrte skiløyper over vatnet.

Byøkologisk program har opna for høve for å gjere Alnsjøen tilgjengeleg for ålmenta som badevatn og friluftsområde. venstre|mini|Alnsjødammen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alnsjøen» frå , den 17. april 2008.

Fotnotar

Kategori:Innsjøar i Oslo Kategori:Lillomarka