Frysjøen er ein innsjø som ligg i Grue kommune i Innlandet. Sjøen ligg på grensa til Grue Finnskog. Her kan ein fiske åbor, gjedde, mort, hork, lake og kreps om hauste. Det er òg enkelte aure å få. Det er ein del hytter rundt sjøen og fast busetnade i sørenden av sjøen. Det er forbod mot bruk av motorbåt. Vatnet frå sjøen renn ned i Frysjøåa til Tysjøen der noko av vatnet vert pumpa opp og nytta til drikkevatn. Vatnet renn vidare i Tjuraåa ned til Gardsjøen i Grue og ut i Glomma. Det er skriftlege kjelder frå Tjuraåa like tilbake til 1300-talet. Det har vore kverner, sager, møller, spikerverk og kraftverk i åa. Det er gjort fleire flintfunn ved sjøen.

Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Geografi i Grue