Frank James Lampard Jr. () er ein engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar. Han spela i 2014 for Chelsea FC og det engelske fotballandslaget. Sjølv om han i hovudsak var midtbanespelar, var han Chelsea sin toppskårar i Premier League både i 2004/05-sesongen, med 13 seriemål, i 2005/06-sesongen, med 16 seriemål, og i 2007/08-sesongen, med 10 seriemål. Han vart seriemeister med Chelsea i 2005, 2006 og 2010, vann den europeiske Meisterligaen med klubben i 2012 og Europaligaen i 2013.
Frank Lampard er fødd i Romford i London. Han er son av fotballspelaren Frank R.G. Lampard, og byrja karrieren i same laget som faren, West Ham United.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Frank Lampard» frå , den 25. august 2009.
Kategori:Folk frå London Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Swansea-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Engelske fotballtrenarar