Goksjø er ein innsjø på ca 3 km² som ligg i kommunane Sandefjord og Larvik i Vestfold.
Nedbørsfeltet for Goksjø er på om lag 190 km² og strekkjer seg nordover til kommunane Lardal og Re. Det spesielle med Goksjø er at dei største innløpa og utløpet ligg i same ende av innsjøen, nemleg i nord. Storelv og Skorgeelva er dei største innløpselvane, Hageneselva er utløpselva. Hageneselva går saman med Svartåa ned til Åserumvannet og vidare ut i Numedalslågen.
Sandefjord Roklubb nyttar vatnet til å trene på om sommaren.
Kategori:Innsjøar i Vestfold Kategori:Geografi i Larvik Kategori:Geografi i Sandefjord