B (b) er den andre bokstaven i det latinske alfabetet. Til liks med dei kyrilliske bokstavane be (Б) og ve (В) har han opphav i den greske bokstaven beta (Β).

B er ein leppelyd. Det semittiske namnet på bokstaven tyder 'hus' (hebraisk beth, jamfør Betlehem som tyder 'brødhus'). I den opphavlege biletskrifta har teiknet vore eit riss av eit hus. Grekarane omdanna namnet til betâ. Etruskarane og etter dei romarane kalla bokstaven be. I fleire språk (spansk, russisk, nygresk) kan bokstaven vise til anten ein bilabial (b) eller ein labiodental (ein mellomting mellom norsk b og v). I den eldre runerekka var B det 18. teiknet. I den yngre runerekka var B det 13. Den greske bokstaven beta har saman med den føregåande alfa gjeve namn til alfabetet.

Versalen 'B' kan stå for:

nasjonalitetsmerke på bilar frå Belgia det kjemiske symbolet for grunnstoffet bor symbol for bel, eininga for effektforhold, sjå desibel. tonen B ein blodtype informasjonseininga byte (eller oktett) i datavitskapen eit vitamin den nest beste karakteren i høgare utdanning Programmeringsspråket B På tyske bilskilt: Berlin På austerrikske bilskilt: Bregenz På rumenske bilskilt: Bucuresti På norske biskilt frå før 1971: Østfold På islandske bilskilt frå før 1989:Barðastrandarsýsla På spanske bilskilt frå før 2000: Barcelona på mynter kan B stå for at dei er prega på eit det andre utmyntingsstaden til eit land (til dømes Hannover, Rouen).

Minuskelen 'b' kan stå for: informasjonseininga bit i datavitskapen symbol for arealeininga barn forkorting for beatus, som tyder «salig». I latinske innskrifter er det forkorting for bonus i tydinga «god» eller bene i tydinga «godt». ♭, i musikken teikn for senking med eit halvt tonetrinn.

Kjelder

Kategori:Det latinske alfabetet