Kviteseidvatnet er ein innsjø i Kviteseid kommune i Telemark. Innsjøen er ein del av Telemarkskanalen, og høyrer til Skiensvassdraget.
Kviteseidvatnet har dei to tilløpa sine frå vest. Dette frå det vesle vatnet Sundkilen og via «Straumen» frå Bandak. I aust held «Straumen» fram og vatnet spring ut til Flåvatn. På grunn av oppdemminga av Flåvatn (Hogga sluse) er det ingen høgdeskilnad mellom desse fire vatna.
Kategori:Innsjøar i Telemark Kategori:Geografi i Kviteseid Kategori:Skiensvassdraget