Topsæ er eit vatn som ligg i Bygland kommune i Agder fylke. I nordenden av vatnet ligg Topsæfossen og på aust- og vestsida ligg støylene Topsæheiæ og Topsæliæ. Jarnverksstøylen ligg inst i Jarnverksbukta som strekkjer seg vestover. Støylene og grunnen rundt vatnet høyrer til Åraksgårdene, les òg: Åraksbø. I utløpet ligg ein gammal tømmerfløytingsdam og ei bu som fløytarane nytta då dei fløyta tømmeret nedover Tovdalsvassdraget. Det er drive lite skogsdrift rundt Topsæ, og naturen er eineståande og vakker.
Kategori:Geografi i Bygland Kategori:Innsjøar i Agder