Liv Kristin Hatle () var ein norsk kardiolog og forskar fødd i Kirkenes. Ho var ein pioner innan bruk av Doppler- og ultralydteknikk til hjartediagnostikk og har publisert over 125 vitenskapelege artiklar og bøker innan dette emnet. Boka Doppler ultrasound in cardiology: physical principles and clinical applications som ho og Bjørn Angelsen gav ut i 1985 var banebrytande.

Liv Hatle fekk Noregs allmennvitskaplege forskningsråds pris for framifrå forsking i 1996 og vart same år også æresdoktor ved NTNU. I 1997 fekk ho Anders Jahres medisinske pris. I 2008 fekk ho saman med Bjørn Angelsen Nasjonalforeningens Hjertepris for sitt arbeid med å utvikle kardiologisk ultralyddiagnostikk. Prisen vart delt ut av Kong Harald.

Ho blei utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Leuven i Belgia i 2020, etter å ha vore gjesteprofessor der på starten av 2000-talet.

I 2003 fekk ho gullmedalje av European Association of Cardiology.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Liv Hatle» frå , den 19. april 2008.

Kategori:Norske legar Kategori:Folk frå Sør-Varanger