Ångardsvatnet er eit vatn som ligg i StorlidalenStorlidalen ein del av Lønset kyrkjesokn i Oppdal kommune i Trøndelag.

Geografi Vatnet er det største av innsjøane i Lønset og ligg i sjølve Trollheimen, ca 35 km (austenden) vest for Oppdal sentrum og er omgjeve av fjella Gråfjellet, Kråkvasstind og Lorthøa i sør og Bårdsgardskammen og Okla i nord. Ångardsvatnet er bunde saman med Dalsvatnet gjennom Haugelva (1,7 km lang). Innsjøen vart regulert i samanheng med utbygginga av Driva kraftverk som vart opna i 1973. Reguleringa gjorde at elva Vindøla, som renn ut i austenden av Dalsvatnet og går saman med Driva rett nedanfor tettstaden Lønset har svært lita vassføring i delar av året.

Brukshøve Innsjøen gjev gode høve til bading og andre aktivitetar (fiske og båtturar) om sommaren. Lønset grunneigarlag disponerer fiskerettane og sel fiskekort for sportsfiske. Om vinteren gjev det høve til aktivitetar i preparerte skiløyper i tillegg til gode høve til isfiske. Kvart år vert det arrangert isfiskekonkurranseÅngardsvatnet, Isfiskekonkurranse ved påsketid.

Kjelder

Kategori:Innsjøar i Oppdal Kategori:Reservoar i Trøndelag