Leavnnjašjávri er eit vatn som ligg i Porsanger kommune i Finnmark.
Vatnet vert på folkemunne kalla Livnnas og er eit populært mål for både ski- og snøscooter-folk, gjerne med utgangspunkt i Skoganvarre.
Følgjer ein løypenettet sørvestover gjennom øvre del av Stabbursdalen nasjonalpark, kan en ta seg til Joatkajávri fjellstove i Alta eller til Mollesjohka fjellstove, noko lenger sør, i Karasjok kommune. Nordover kjem ein til Klemetstad utanfor Lakselv.
Kategori:Innsjøar i Porsanger Kategori:Lakselvvassdraget