mini|Tidleg sommar i fjellkjeda mellom Valdres og Hallingdal.

Norsk geografi er dominert av store fjellkjeder med dalar og fjordar innimellom. Mindre enn 10 % av arealet i landet er dyrkbart og resten er fjellkledd. Isbrear er den største årsaka til erosjonen, så terrenget i norske fjell består av fjelltoppar med platå og innsjøar. Desse områda har rikt og variert plante- og dyreliv.

Høgda for tregrensa vert gradvis lågare jo lenger nord ein kjem. Nord i Finnmark er tregrensa ved havnivå. Tregrensa er òg lågare ved kysten og høgare i dei austlege fjellområda.

Fjellkjedene dannar òg dei fleste grensene mellom fylka i Noreg. Dei går typisk frå nord til sør. Fleire av fjellkjedene har hatt veg- og jernbaneovergangar i lange tider. Enkelte av dei er av nyare dato og mange vert stengd om vinteren. mini|Valdresflye Dei norske fjella er ein av dei mest populære rekreasjonsområda i Noreg, både om sommaren og om vinteren. Hytter og turstiar vert handsama av Den norske turistforening. Hyttene ligg gjerne med slike avstandar at ein kan gå til fots eller på ski i vekevis frå hytte til hytte.

Sjå òg Norske fjell Dei skandinaviske fjella Den kaledonske fjellkjeda Norsk geologi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fjellkjeder i Noreg» frå , den 21. april 2008.

Bakgrunnsstoff www.scandinavianmountains.com — James Baxter si nettside om norske fjell over 2000 m. www.mountainhiking.org.uk — Anthony Dyer si nettside om dei varierte norske fjella. www.westcoastpeaks.com — Arnt Flatmo si bilettside frå klatring i norske fjell.