Det nederlandske austindiakompaniet var eit nederlandsk selskap stifta 20. mars 1602 da det vart tildelt monopol på koloniverksemd i Asia av Generalstatane. Det var det første multinasjonale selskapet i verda og det var det første selskapet som trykte aksjer. Det var viktig i handelen i nesten to hundreår før det gjekk konkurs og vart oppløyst i 1798. Selskapet hadde rett til å gå til krig, stifte koloniar og inngå avtalar med asiatiske herskarar.
mini|venstre|Nederlands koloniområde med områda til det nederlandske austindiakompaniet markert i ei lysare grønfarge rundt Indiahavet samt St. Helena i Atlanterhavet. mini|venstre|Logoen til Amsterdam-kammeret i VOC
VOC bestod av seks kammer (Kamers) i Amsterdam, Middelburg (for Zeeland), Enkhuizen, Delft, Hoorn og Rotterdam. Delegatar frå desse kammera samla seg som Heeren XVII (dei sytten herrane).
Til rådet Heeren XVII vart åtte delegatar sendt frå kammeret i Amsterdam, fire frå Zeeland, og ein frå kvart av dei mindre kammera. Amsterdam hadde derfor ei viktig røyst i rådet. Zeelandarane var særleg mistenksame i oppstarten av VOC på grunn av dominansen frå Amsterdam. Frykta var ikkje ugrunna sidan det i praksis var kammeret i Amsterdam som staka ut kursen for selskapet.
Dei seks kammera skaffa startkapitalen for det nederlandske austindiakompaniet:
Kammer Kapital (Gylden) Amsterdam 3 679 915 Zeeland 1 300 405 Enkhuizen 540 000 Delft 469 400 Hoorn 266 868 Rotterdam 173 000 Totalt: 6 424 588
Merknader
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1602 Kategori:Nedleggingar i 1800 Kategori:Handelsføretak Kategori:Koloniføretak i India Kategori:Nederlandske føretak Kategori:Nederlandsk historie