Jølster er ein tidlegare norsk kommune som låg i Indre Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen grensa i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand, i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal. Det var to tettstadar i Jølster; Vassenden og Skei. Vassenden var i nyare tid den største av dei to, noko som truleg kjem av nærleiken til byen Førde. Skei var kommunesenteret, men ligg lengre unna større senter og har hatt eit mindre tilfang av innflyttarar. 1. januar 2020 vart Jølster del av nye Sunnfjord kommune.
Det høgste fjellet i kommunen var Snønipa og er 1 827 meter høgt. Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen krinsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg om lag 200 moh. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jolmster» som tyder bråk og larm.
Ein person som kjem frå Jølster vert kalla jølstring.
mini|260px|høgre|Måleriet «Soleienatt» av Nikolai Astrup. Biletet er målt i fleire versjonar og har motiv frå Jølster. Geografiske og politiske skiljeliner
Då tettstaden Vassenden ligg i den nedre (vestlege) delen av bygda og Skei ligg i den indre (austlege) delen, snakkar ein ofte om Indrebygda (soknar til Skei) og Nedrebygda (soknar til Vassenden). Denne skiljelina er heilt grunnleggande, då ein allereie i seksårsalderen vert gruppert til ein av dei to barne- og ungdomsskulane i kommunen; anten på Skei eller på Vassenden.
Denne skiljelina er òg ei tradisjonell politisk konfliktline, som mellom anna har ført til at ein tidlegare berre hadde to bygdelister ved kommunevalet, ei for kvart kyrkjesokn. Desse listene er ikkje lenger i bruk, men førte mellom anna til ein tradisjon i dei største partia i kommunen om å sørgje for god representasjon av personar med postnummer frå begge hovudbygdene (Skei og Vassenden).
Ein kan sjå at målet i Indrebygda ber preg av å vere påverka av nordfjordsmål, medan målet i Nedrebygda er påverka frå Førde-regionen. (Les: Jølstramål)
Eit anna geografisk uttrykk som ofte vert nytta er Sørsida, som er eit namn på grendene på den sørlege sida av Jølstravatnet. Riksvegen går på den nordlege sida av vatnet.
Politikk Senterpartiet er det dominerande partiet i kommunestyret med 9 av 25 representantar. Like etter følgjer Arbeidarpartiet (fem representantar), Venstre (fire representantar) og Framstegspartiet (to representantar). Høgre, Kristeleg Folkeparti og SV er òg representerte i kommunestyret.
Næringsliv Dei største næringane i kommunen er jordbruk, turisme og byggeverksemd. I tillegg er Jølster ein kraftkommune med eit stort kraftverk i Stakaldefossen og eit nytt kraftverk under utbygging (pr. 2005) i området rundt Kjøsnesfjorden.
Jordbruket i Jølster har lange og gamle tradisjonar, men meir overraskande er det nok at turismen òg har eit historisk fotfeste i området. Dei to hotella på Skei og Vassenden dukka opp rundt hundreårsskiftet mellom 1890 og 1910, men lenge før den tid har ein drive skysstasjonar og breføring for spenningssøkande turistar som skulle utforske den norske fjellheimen eller ta seg opp på breen. Tradisjonane held seg, og eit klart fleirtal av føretaka i kommunen driv i dag med turisme, men då hovudsakleg overnatting og camping.
Byggeverksemda er ein nykommar i næringslivet til samanlikning med dei to andre, og har kome i kjølvatnet av utviklinga av byen Førde som regionalt handlesenter.
Grender i Jølster mini|Utsikt frå Eikåsnipa mot Jølstravatnet. Vassenden Skei Førs (Førde i Jølster) Ålhus Myklebust Stardalen Sandalen Eikås Dvergsdal Svidal
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Jølster kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Jølster 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 2887a 2906a 2925a 2813a 2630a 2558 3002 2990 2968 2981 a Talet omfattar ikkje grunnkrinsen Førde, som var del av gamle Breim kommune fram til 1964, då han vart overført til Jølster kommune. Dette området hadde då 38 innbyggjarar.
Kjende jølstringar mini|Bilete av den unge prestesonen Nikolai Astrup, t.v. Audun Hugleikson (f. kring 1240), baron og stormann i kongeriket Noreg på 1200-talet
Kunst og kultur Cathinka Lind (1845-1943), kunstvevar, fødd i Vik i Sogn. Nikolai Astrup (1880-1928) vart fødd i Bremanger, men voks opp i Jølster, der faren var prest. Nikolai Astrup er rekna som ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tal, og fleire av bileta has er selde på auksjonar for kring 4 millionar kroner. Ludvik Eikaas (f. 1920) vart fødd på Eikås i Jølster. Han vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet grunna arbeidet has med måling, skulpturar og særleg grafikk. Vart professor på Kunstakademiet i Oslo i 1970. Fekk eit eige kunstmuseum, Eikaasgalleriet oppkalla etter seg då han gav ei stor samling kunst til kommunen. Audhild Viken (1915-2000) kjem frå Skei i Jølster. Ho tufta bedrifta Audhild Vikens Vevstove, som spesialiserar seg på sal av tradisjonelt norsk handverk og suvenirar. Sigmund Eikaas (f. 1947), prisvinnande hardingfele-spelemann frå Jølster. Tidlegare leiar i Landslaget for spelemenn. Linda Øvrebø (f. 1966), operasongarinne frå Jølster kommune. mini|høgre|Audun Hugleikson sitt segl. Ein kan òg sjå merket på ein minnestein om Hugleikson som er reist utanfor bygdehuset Borgja på Ålhus i Jølster. Oddleiv Apneseth (f. 1955), prisvinnande fotograf, tilsett i Bergens Tidende.
Politikarar Atle Hamar (f. 1963) frå Vassenden i Jølster er direktør i Lotteritilsynet og Venstrepolitikar. Han er tidlegare leiar i Unge Venstre (1988-1990). Han er òg medlem i Jølster kommunestyre og fylkestinget i Sogn og Fjordane. Ottar Befring, fylkesmann i Møre og Romsdal, er frå Stardalen i Jølster.
Ordførarar i Jølster
1838-1842 Thor HansonVeiteberg 1842-1844 Samuel N.Dvergsdal 1844-1848 Anders E. J.Aalhus 1848-1856 M. S. T.Fasting 1856-1858 Samuel N.Dvergsdal 1858-1861 Anders E. J.Aalhus 1862-1864 Ludv. G.Klakegg 1864-1872 Nils O.Øvrebø 1872-1874 Anders K.Myklebust 1874-1876 Anton K.Øygard 1876-1878 Bendikt J.Nedrebø 1878-1880 Anders K.Myklebust 1880-1890 Sjur B. Heggheim 1890-1892 Ole O. Viken 1892-1899 Nils S. Dvergsdal 1899-1911 Sjur B. Heggheim 1911-1920 T. H. Veiteberg 1920-1929 Ludv. D. Klakegg 1929-1937 Nils O. Øvrebø 1937-1942 A. K. Øygard 1945-1951 A. K. Øygard 1952-1965 Nils J. Helgheim 1966-1973 Erling Slåtten 1974-1981 Sverre P. Befring 1982-1985 Anders Helgheim 1986-1987 Arne Sandnes 1988-1991 Normann Aarseth 1992-1995 Knut O. Øygard 1996-2011 Gerd Dvergsdal 2011- Oddmund Klakegg
Sjå òg Jølstramålet Vassenden i Jølster Skei i Jølster
Kjelder
Fylkesleksikonet: Jølster (NRK) Kommunefakta: Jølster (SSB) Alle nettstadane frå Jølster (Open Directory Project) Jølster Kommune (Offisiell nettstad) Dagogtid.no: Dersom Gaza låg i Jølster (Kommentar)
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Jølster kommune
Litteratur Finn Borgen Førsund - JØLSTER. Hundre år med bygd og bank. Selja Forlag. ISBN 82-91722-18-8
Kategori:Sunnfjord Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019