Melanakken, 345 moh., er eit fjell rett ved Årnes, sentrum i Åfjord kommune i Trøndelag. Mælanakken er eit utsiktspunkt der ein kan sjå store delar av kommunen. Frå toppen, Stortoppen, har ein særleg god utsikt utover mot kysten.

Namnet Melanakken kjem av Melangardane som ligg rett under, som har fått namnet av sandmælene i området.

Under dei årlege Åfjordsdagan vert terrengløpet Nakkasprinten, som går frå banken på Årnes til toppen av Mælanakken, arrangert.

Kjelder

Kategori:Geografi i Åfjord Kategori:Fjell i Trøndelag Kategori:Turistmål i Trøndelag