Alba Mons (tidlegare Alba Patera) er ein unik vulkansk struktur nord for Tharsis-regionen på Mars. Strukturen er ein enorm skjoldvulkan omtrent 1600 kilometer i diameter, men berre ~6 kilometer høg. Han er den største kjende vulkanen i solsystemet målt i areal og volum (med eit areal på 5,7 km² dekkjer han 5 % av overflata til MarsLunar and Planetary Science XXXIII - MOLA Topographic constraints on lava tube efusion rates for Alba Patera, Mars). Vulkanen har tynnare lavastraum enn andre skjoldvulkanar på Mars, med både enorme plateliknande lag og hundrevis av lange og tronge kanalar på sidene. Flesteparten av dei tronge kanalane er over 100 kilometer lange; nokre så lange som over 300 km; noko som tyder på utbrot over lang tid av lava med låg viskositet. Alba Mons ligg på eit system av forkastingar som går nordover ifrå Tharsis.

venstre|mini|Topografien til Alba Mons.

Alba skil seg ifrå dei andre patera-formasjonane på Mars på fleire måtar; vulkanen manglar furete oskeavsetjingar og ligg i lågland og ikkje i høgland.

Sjå òg Marsfjell etter høgd

Kjelder

Bakgrunnsstoff Mars Reconnaissance Orbiter-bilete av Alba Mons

Kategori:Vulkanar på Mars