Dørkampen er eit fjell i Skjåk kommune i Innlandet. Det har ei høgd på 1820 meter over havet og er det 431. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.
Like ved ligg Austre Dørkampen som er ein meter lågare. Dørkampen går samanhengjande austover til Storbreen, som ligg for det meste i Lesja. Mellom sjølve Dørkampen og Storbreen ligg ein topp på 1900 meter som er namnlaus, men Austraste Dørkampen er mykje brukt om den.
Sjå òg Høgaste fjell i Noreg
Kategori:Fjell i Skjåk