Nord-Fron er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord til Sel, i aust og sør til Sør-Fron, i sør til Gausdal og Øystre Slidre og i sørvest til Vågå. Ein person frå Fron vert kalla frøning.
Tettstaden Vinstra som ligg i kommunen fungerer som regionalt utdannings og handelssenter. På Vinstra blir det også arrangert ymse festivalar, med Peer Gynt-stemnet som det største arrangementet.
Litt lenger nord i kommunen finn vi tettstaden Kvam.
Kultur og idrett
Gudbrandsdal krigsminnesamling ligg i Kvam.
I den vesle fjellbygda Skåbu har dei eit lokalt idrettslag med namn STEIL . STEIL er ei forkorting for Skåbu Tverrbygda Espedalen Idrettslag. Dei driver blant anna med langrenn og hundekøyring. I mars 2007 arrangerte Nord-Fron og STEIL i samarbeid med Asker Trekkhundklubb EM og NM i hundekøyring.
Utdanning Vinstra vidaregåande skule ligg på Vinstra.
Folk frå Nord-Fron
Per Gynt, sogeomspunnen reinjeger frå Sødorp på 1700-talet Hallvard Lie (1905-1995), litteraturhistorikar, professor ved UiO (Vinstra) Helge Stormorken (1922-2019), lege og medisinsk forskar, professor ved UiO (Kvam) Ola O. Røssum (1926-2012), stortingsrepresentant for Sp 1969-1981 (Kvam) Ingar Sletten Kolloen (f. 1951), redaktør og forfattar (Kvam) Grete Berget (1954-2017), Ap-politikar, statsråd 1991-1996 (Vinstra) Eldar Nilsen (f. 1957), dirigent (Vinstra) Geir Helgemo (f. 1970), profesjonell bridgespelar (Vinstra) Kjersti Stenseng (f. 1974), partisekretær i Arbeiderpartiet (Kvam) Kristian Brenden (f. 1976), skihoppar (Vinstra) Eirik Rykhus (f., 1981), telemarkskjørar (Vinstra) Sigrid Rykhus (f. 1984), telemarkskjørar (Vinstra) Kjetil Jansrud (f. 1985), alpinist (Vinstra)
Bilete frå Nord-Fron
Bakgrunnsstoff Nord-Fron kommune
Kategori:Gudbrandsdalen Kategori:Tidlegare kommunar i Oppland Kategori:Kommunar i Innlandet