Henrik Arnold Wergeland () var ein norsk forfattar og samfunnsdebattant. Som lyrikar har han ein eineståande posisjon i norsk litteraturhistorie, med ein enorm produksjon som spenner frå det kosmologiske diktet Skabelsen, Mennesket og Messias, til dikt for born, som «Jeg aldri mer vil Hunden slaae». Fleire av verka hans kombinerer prosa, lyrikk og dialog. Han skreiv òg ei mengd med brev og embetsskriv, rettsinnlegg, essay, historiske avhandlingar, folkeopplysingsskrift og flygeblad.
Henrik Wergeland verka òg som bibliotekar og redaktør og vart den første riksarkivaren i Noreg. Han ville omsetja dei poetiske ideane sine i praktisk arbeid, og var ein aktivist i ei tid då ein i Noreg enno ikkje hadde funne fram til ein eigen kulturprofil.
Gjennom eiga dikting, ved å ta opp språkspørsmålet, ved å krevje demokratisk utvikling og kulturell frigjering frå København bidrog han mykje til å gjera den unge statsnasjonen til ein kulturnasjon. Wergeland er neppe den mest lesne av dei norske diktarane, men han vart ståande som eit nasjonalt symbol.
Patriot og verdsborgar
Wergeland markerte seg tidleg i arbeidet for å gjera 17. mai til nasjonal festdag og var til stades og merkte seg ut i samband med det såkalla «Torgslaget» i Kristiania 17. mai 1829. Han heldt den første offentlege 17. mai-tala i Kristiania i 1833 då avdukinga av Krohgstøtta fann stad, vårt første nasjonalmonument. Det var òg han som skreiv den første nasjonalsongen for born: «Vi ere en Nation, Vi med,/ Vi smaa en Alen lange». Engasjementet for feiring av nasjonaldagen 17. mai gjorde at han fekk tilnamnet 17. maikongen alt medan han levde. Sjølv kalla han seg Grunnlovas 6 år eldre bror.
Sjølv om Wergeland tykte godt om Grunnlova, meinte han ikkje at ho var utan plett og lyte. Han arbeidde for religiøs toleranse og laga eit godt grunngjeve framlegg til grunnlovsendring for å få vekk den delen av § 2 som stengde truande jødar ute frå Noreg.
Han arbeidde òg for at språket skulle bli meir norsk, og oppmuntra diktarar til å laga «Smykker» av det språket dei hadde teke i arv frå forfedrane. Noreg hadde mist sitt eige skriftspråk på 1500-talet.Jamfør diktet «For den norske Litteratur» og essayet «Om norsk Sprogreformation» Han underviste sjølv bondegutar slik at dei skulle bli betre skikka til å ta del i det politiske livet og fekk i stand folkeboksamlingar. Han oppretta «Sogneselskab» og verka for kommunalt sjølvstyre. Han ville ha oppretta dagheimar for born der dei kunne ha det godt og vera trygge når foreldra var ute i arbeid, og han ønskte meir humane straffeinstitusjonar. Gjennom den langdryge saka mot prokurator Praëm fekk han meir enn vanleg innsyn i koss småfolk levde. Halvdan Koht såg det slik: «Me kann ikkje fortelja framvoksteren til mest ei einaste norsk sak, utan me lyt nemna Henrik Wergeland i upptake.»Koht, Halvdan 1908, Henrik Wergeland Ei folkeskrift, s. 3.
Gjennom diktinga si engasjerte han seg òg i frigjeringskampar ute i verda (t.d. i Irland, Polen, Brasil). Han såg langt ut over Noregs grenser, og tematikken var ikkje sjeldan universell.
Liv og dikting Barndom Wergeland var son av eidsvollsmannen, politikaren og teologen Nicolai Wergeland og kona Alette Dorothea Wergeland, fødd Thaulow. Namnet Henrik Arnold fekk han etter morfaren Henrik Arnold Thaulow som var byskrivar i Kristiansand. Forfattaren Camilla Collett, fødd Wergeland, var søster til Henrik Wergeland. Elles hadde Henrik tre søsken til, Harald, Augusta og Oscar. Faren fylgde den franske tenkjaren Jean-Jacques Rousseau sine prinsipp om ei fri, naturleg barneoppseding.
mini|Henrik Wergeland teikna av faren då han var 17.
Familien flytta frå Kristiansand til Eidsvoll då Henrik var 9 år. Då han kom i framslengsåra, vart han send til Katedralskolen i Kristiania, og samstundes tok han til å skrive dikt og små skodespel. Han var 13 år gamal då han fekk trykt «Blodstenen», ei stutt forteljing i «den mystisk-gyselige Stil, som karakteriserer de tyske Ridderromaner fra en vis Periode».Lassen, Hartvig 1877 Han fekk fleire småstykke på prent i guteåra som han hadde samarbeidt med syskenbarnet sitt, Jens Aubert, om.
Stormande ungdomsår Som så mange unge gutar forelska Henrik Wergeland seg fleire gonger i ungdomsåra. Han sverma på fråstand for jenter som han etter kvart skreiv dikt til og nemnde med namn. Den eine, som vart trulova med ein av venene hans, døydde allereie 18 år gamal. I dei sjølvbiografiske skissene han skreiv rett før han døydde, fortel han at ånda til denne jenta sidan vart som ei god fylgje (verneånd) for han (jamfør Hassel-Nødder.) To jenter han må ha kjent mykje for, var Hulda Malthe, dotter av futen i Ullensaker, og Elise Wolff. Til Hulda og mor hennar, som må ha hatt større forståing for den gåverike guten, skreiv han fleire brev. Då han ikkje kom nokon veg med Hulda, prøvde han i eit stort, interessant brev å fri til den noko eldre, språkkunnige Elise Wolff, men vart venleg avvist. Ho vart sidan trulova med søskenbarnet hans, Johan Aubert, som var konrektor ved katedralskulen. Han døydde alt i 1832, før han fekk høve til å gifte seg med Elise. Henrik Wergeland skreiv minnedikt. Den ideale kvinneskapnaden han kalla «Stella» (namnet tyder stjerne), voks fram i diktarens fantasi på grunnlag av desse ungdomssvermeria. Mange dikt er skrivne til og om Stella. Somme gonger er ho ei ungjente som held diktaren på fråstand, andre gonger er ho ei ånd som han held bryllup med i himmelen etter at dei båe er døde:
Stella er ei kjelde til dikterisk inspirasjon, ei slags muse. Ho er sentral i den første diktsamlinga hans, Digte, første Ring (1829). Når han i eitt av dikta nemner «Huldblomstens sjel», er det nok minnet om Hulda som gøymer seg i teksten.
Meir og meir vart kjærleiken eit sentralt motiv i diktinga hans og løyste ut ein trong til å finne svar på verdsgåtene. 22 år gamal gav han ut det kosmologiske diktet, Skabelsen, Mennesket og Messias (1830), det største diktverket som nokon gong var kome ut i Norden. Det er sidan skrive fleire doktoravhandlingar om dette verket som Halvdan Koht karakteriserer som «eit hovudverk i bokheimen vaar, for di me der finn grunnlaget for heile livsgjerninga hans».Koht 1908, Henrik Wergeland: Ei folkeskrift
mini|Henrik Wergelands teikning av «Torgslaget». Det er ein illustrasjon til farsen «Phantasmer». Generalen (med fjørbusk) og kavaleriet går laus på kleda på snorene (dei fredelege innbyggjarane i hovudstaden som hadde samla seg på torget). Magistraten (han med briller fremst i biletet), les den såkalla opprørslova. Han som slår på tromme og eggjar til kamp, er den upopulære svenske statthaldaren von Platen, «Skipper Børre» i Wergelands stykke.
Henrik og Siful Meir eller mindre parallelt med at Skabelsen, Mennesket og Messias vart til gjorde Henrik Wergeland også mykje anna. Han skreiv seks skodespel, ei mengd med einskilddikt, studerte og fullførte teologistudiet (1826-29) og las botanikk og historie. Han engasjerte seg i kampen for feiring av 17. mai mot kong Karl Johans vilje, og mellom to eksamensdagar stilte han opp til avhøyr for granskingskommisjonen som vart nedsett for å ta seg av klagene etter «Torgslaget». Det strøymde inn klager over den måten kavaleri og fotjegarar hadde gått fram på for å splitte fredelege folk som hadde samla seg på torget i Kristiania om kvelden 17. mai 1829. Wergeland sjølv fekk eit sabelrapp over ryggen då han var på veg heim.
Tidleg i august 1829 kom Wergelands diktarkommentar til Torgslaget i eit eksperimentelt skodespel (ein farse) som han kalla «Phantasmer», signert Siful Sifadda. Debuten som lyrikar kom innan augustmånaden var slutt.
Siful Siffadda var Wergelands pseudonym. Det er Siful som er ansvarleg for dei mange fantasifulle og ofte satirske scenestykka som ofte har djupt seriøse undertonar. Siful kan vera både vilter, frekk, ondskapsfull og, ikkje minst, «genialsk»; men i blant bryt og poesien igjennom også i Sifuls produkt. Tilhøvet mellom Siful og Henrik er treffande skildra i den siste skissa i «Hassel-Nødder».
hic habeo Wergeland fullførte teologisk embetseksamen i mai-juni 1829. Dei skriftlege prøvene måtte den gongen skrivast på latin. Eksamensresultatet peikte mot laudabilis ('rosverdig') etter dei skriftlege prøvene; han gjorde det godt i kyrkjesoge til munnleg, men då han etterpå vart eksaminert i dogmatikk, kom han i disputt om dei evige helvetes-straffene. Desse trudde den unge teologen Henrik Wergeland ikkje på, og den endelege karakteren vart haud illaudabilis, det vil seia 'ikkje urosverdig'. Halvdan Koht har skrive om Wergelands embetseksamen i Historisk tidsskrift 1918. Koht kjem og inn på korleis Wergeland svara då han var oppe i dogmatikk til munnleg eksamen i «Unge evner»: «Han våga seg til å segje at han trudde ikkje på ævelege helvetesstraffer, og då so professoren spurde kva han bygde denne trua på, svara han at han ikkje kunne finne grunnane i den Heilage Skrifta: men, sa han og la handa på hjarta, her har eg dei – hic habeo! Og det er det kvar mann med geni må svare når ein spør kvar han har det ifrå: hic habeo!, – eg har det inni meg, det ligg i sjela mi, og det er mi gåve til menneskja.»Koht, Halvdan 1933 Norsk vilje s. 69. Jf. Syn og Segn 1925.
Frå verdsdikt til folkeopplysning Skabelsen, Mennesket og Messias er eit kosmologisk dikt som kom ut 6. juli 1830. Det tek for seg verdssoga frå verda vert skapt til talsmannen for sanning, fridom og kjærleik, Jesus Messias, står fram. Han vert krossfest, gravlagd, står oppatt og talar til heile menneskja, så folk frå alle kantar av verda endeleg skjønar kva det vil seia at kvar er sin eigen konge og sin eigen prest. Verket er religiøst og filosofisk prega. Det slår røtene attende til Bibelen og antikken samstundes som det er knytt til tankegods frå høgromantikken og den franske revolusjonen.http://www.wergeland2008.no/Articlelist.aspx?m=73&amid=448 Han ønskte å setja ideane i verdsdiktet ut i livet, mellom anna gjennom å opplyse folket.
I 1830 skreiv Wergeland til selskabet for Norges Vel og bad dei hjelpe han med å få sendt ut opplysningsskrift til «allmugen». Skriftet For Almuen tok til å koma i 1830 og heldt fram i fleire år. Han ønskte at bonden skulle gå som fri og opplyst mann bak plogen. Her finn ein mellom anna ei heil lita pedagogisk avhandling om kva ville planter kunne nyttast til, også medisinsk, og kven som var giftige. Frå 1839 til 1845 gav han ut bladet For Arbeidsklassen. Her polemiserte han mot utvandring, fyll og religiøst svermeri, han gav praktiske, kvardagslege råd og han oppmoda folk til å skaffe seg jord for å få røysterett. Wergeland hylla revolusjonar - i utlandet. Heime tok han avstand frå klassekamp, han meinte arbeidarane burde finne sin plass i «fedrelandssamfundet».s. 138 i Tore Pryser: Norsk historie 1814-1860 Det Norske Samlaget 1999, ISBN 82-521-5547-2
Wergelands posisjon Henrik Wergeland er den einaste norske diktaren som kan kallast høgromantikar. Samstundes hadde han ein fot i opplysingstida.