Fulldøla er ei lita elv i Notodden kommune i Telemark. Ho drenerer Follsjå, og munnar etter eit par kilometer ut i Tinnelva, like nedanfor Grønvollfoss kraftstasjon.
Det er søkt om å få bygge ut straumproduksjon i Fulldøla. Dette er førebels stoppa grunna utreiing av elvemusling. Det er også funne salamander i dammar knytte til Fulldøla.
Kategori:Elvar i Notodden Kategori:Skiensvassdraget