17. mai er den 137. dagen i den gregorianske kalenderen (138. under skotår). Det er 228 dagar att av året.

Merkedag

Internasjonal dag mot homofobi

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Det nauriske flaggetDen nauriske grunnlovsdagen, til minne om grunnloven landet fekk i 1968.100px|Det norske flaggetDen norske grunnlovsdagen, feira sidan om lag 1814 til minne om at landet fekk eigen grunnlov og til støtte for norsk identitet og sjølvstende.

mini|Dikt av Rosalía de Castro på ein gravstein i A Coruña i Galicia i Spania. Dagen for galisisk litteratur, feira sidan 1963 til minne om den første boka som kom ut på galisisk, Cantares Galegos av Rosalía de Castro frå 1863.

Religiøs helgedag

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja Den heilage Paschalis Baylón Den heilage Madron Den heilage Restituta av Kartago

Hendingar

Utlandet mini|Anne av Danmark, måla rundt 1605. 1521: Edward Stafford, hertug av Buckingham, vart avretta for landssvik. 1590: Anne av Danmark vart krona til dronning av Skottland. 1642: Paul Chomedey skipa den kanadiske byen Montréal. 1673: Louis Joliet og Jacques Marquette byrja utforskinga av Mississippielva. 1775: Den amerikanske revolusjonen: Kontinentalkongressen forbaud handel med Canada. 1792: Børsen i New York vart skipa. 1809: Napoleon I av Frankrike gav ordre om annekseringa av Pavestatane til det franske imperiet. 1814: Okkupasjonen av Monaco gjekk frå franske hender til austerrikske. 1846: Adolphe Sax fekk patent på saksofonen. 1900: Boerkrigen: Britiske troppar kom til Mafeking. 1902: Arkeologen Spyridon Stais fann Andikýthera-mekanismen. 1915: Den siste regjeringa til det britiske liberale partiet med Herbert Henry Asquith braut saman. 1940: Andre verdskrigen: Tyskland okkuperte den belgiske hovudstaden Brussel. 1943: Den amerikanske hæren gav Moore School ved University of Pennsylvania kontrakt for å utvikla ENIAC. 1967: Seksdagarskrigen: President Gamal Abd al-Nasser kravde at den fredsbevarande utrykningsstyrken til SN i Egypt skulle trekkja seg ut. 1969: Sovjetiske Venera 6 kom inn i atmosfæren til planeten Venus og sende atmosfæriske data attende før han vart knust av høgt trykk. 1970: Thor Heyerdahl siglder frå Marokko på papyrusbåten Ra II for å kryssa Atlanterhavet. 1973:Høyringa i Watergateskandalen byrjar i det amerikanske senatet og vart synte på fjernsyn. 1974: Politiet i Los Angeles i California blitza Den symbionesiske frigjevingshæren sitt hovudkvarter og drap seks medlemmer. 1974: Konflikten i Nord-Irland: Trettitre menneske mista livet av bomber i Dublin og Monaghan i Irland. 1983: Libanon, Israel og Sambandsstatane skreiv under på israelsk attendetrekking frå Libanon. mini|USS Stark. 1987: Krigen mellom Iran og Irak: Den amerikanske fregatten USS Stark (FFG-31) vart treft av ein rakett frå ein irakisk Mirage-jagar. Trettisju soldatar mistar livet og 21 vart skada. 1990: Verdas helseorganisasjon strauk homoseksualitet frå lista over sinnssjukdommar. 1993: Rebecca Stephens vart den første kvinna som klatrar til topps på Mount Everest. 1995: Jacques Chirac vart president av Frankrike etter 18 år som borgarmeister av Paris. 1999: Ehud Barak vart vald som statsminister i Israel. 2004: Homofilt giftarmål vart lovleg i Massachusetts.

Noreg mini|17. mai 1893 av Christian Krohg.

1814: Den norske grunnlova blei underskriven. 1829: Torgslaget i Christiania. Opplaup då kavaleri og fotjegarar vart sett inn mot allmugen på Stortorvet. 1885: Molde domkyrkje brann ned til grunnen etter at tårnet vart treft av eit saluttskot. 1933: Vidkun Quisling og Johan Bernhard Hjort stifta Nasjonal Samling, det fascistiske partiet i Noreg. 1990: Fedrelandspartiet blei stifta.

Fødde

mini|upright|Edward Jenner. 1749: Edward Jenner, britisk lækjar 1783: Cleng Peerson, norsk-amerikansk utvandringspioner 1866: Erik Satie, fransk komponist 1897: Odd Hassel, norsk kjemikar 1900: Ruhollah Khomeini, iransk politikar 1903: Ivar Kleiva, norsk forfattar 1950: Janez Drnovšek, slovensk politikar 1959: Enya, irsk songar 1978: Mirjam Kristensen, norsk forfattar 1987: Edvald Boasson Hagen, norsk syklist

Døde

mini|upright|Yoshitsune og Benkei under eit blomstrande kirsebærtre. Av Yoshitoshi Tsukioka, 1885. 1189: Minamoto no Yoshitsune, japansk krigsherre 1336: Keisar Go-Fushimi av Japan 1510: Sandro Botticelli, italiensk målar 1727: Katarina av Russland 1765: Alexis Claude Clairault, fransk matematikar 1829: John Jay, den første høgsterettsdommaren i USA 1838: Maurice de Talleyrand, fransk diplomat 1880: Christen Andreas Fonnesbech, dansk jurist og statsminister 1927: Thomas Nicolay Fearnley, norsk næringsdrivar 1935: Paul Dukas, fransk komponist 1987: Gunnar Myrdal, svensk økonom 1989: Hallvard Eika, norsk politikar 2003: Edith Carlmar, norsk filmskapar 2012: Jon Istad, norsk idrettsmann 2012: Donna Summer, USA-amerikansk songar