Nils-Øivind Haagensen () er ein norsk forfattar og journalist. Haagensen er fødd i Ålesund og busett i Oslo.

Haagensen har hovudfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, men har òg studert samanliknande politikk og religionsvitskap. Han jobba som kulturjournalist i Klassekampen i ei årrekke, men forlet avisa i april 2008 for å skipa forlaget Flamme Forlag med tidlegare redaktør for bokmagasinet i same avis, Bendik Wold. Forlaget er eit dotterselskap av CappelenDamm. Forlagsredaktørane Haagensen og Wold kallar sjølv forlaget eit «allemannsforlag», som primært skal gi ut «ny norsk skjønnlitteratur».Om forlaget . Flamme forlag. Lasta ned 5. mai 2008

Haagensen var i fleire år redaktør for antologien Signaler. I 2004 mottok Haagensen Sult-prisen. Han var innstilt til Nordisk råds litteraturpris 2013 for God morgen og god natt.

Bibliografi Åtte dikt i Signaler – debutant-antologi (1995) Hender og hukommelse – dikt (1998) Et godt sted – dikt Det radioaktige – roman (2001) 23 dikt om kvinner og menn og en desperat forklaring – dikt (2002) Enkelte dikt – dikt (2003) Nils-Øivind Haagensen skriver – dikt (2005) Møt meg, møt meg, møt meg – reisebok (2006) Hvorfor er jeg så redd? – dikt (2007) Drit i døden - Her er Dan Turèll – gjendikting saman med Bendik Wold (2007) Jack Kerouac: San Fransisco Blues – gjendikting (2008) Brenn ned skiten – (2009) Haruki og jeg – lyrikk (2010) God morgen og god natt – lyrikk (2012)

Referansar

Bakgrunnsstoff Nils-Øivind Haagensen i NRK Forfatter Store Norske Leksikon om Haagensen Bøker av Nils-Øivind Haagensen digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket Utgjevingar av Nils-Øivind Haagensen i BIBSYS

Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Journalistar i Klassekampen Kategori:Norske romanforfattarar kategori:Folk frå Ålesund Kategori:Forfattarar frå Møre og Romsdal Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1998