Radium er eit radioaktivt grunnstoff med kjemisk symbol Ra og atomnummer 88. Det høyrer til jordalkalimetalla i gruppe 2 i periodesystemet.

Eigenskapar Radium kan sjå nesten heilt kvitt ut, men blir svartare om ein utset det for luft.

Ein finn små mengder av stoffet i uranførekomstar. Den mest stabile isotopen av stoffet er Ra-226, som har ei halveringstid på 1602 år og blir brote ned til radon.

Bruk Ein bruker radium til å produsera radon til strålebehandling av kreft, noko som har gjeve namn til det norske Radiumhospitalet.

Stoffet er svakt sjølvlysande og vart derfor ei tid brukt til å måla visarar på klokker og måleinstrument. Dette slutta ein med på 1920-talet etter at meir enn hundre tidlegare målarar hadde døydd av å utsetjast for strålinga.

Blanda med beryllium gjer radium frå seg nøytron og kan brukast i fysikkeksperiment.

Sjå også Grunnstoffliste Isotoptabell Periodesystemet

Kategori:Jordalkalimetall Kategori:Grunnstoff