mini|Kart over Noreg, Sjå òg Norsk atlas

Noreg er eit land i Nord-Europa som ligg vest og nord på Den skandinaviske halvøya. Det grensar til Nordsjøen i sørvest, Skagerrak i sør, Norskehavet i nordvest, Barentshavet i nord. Noreg har grense mot Sverige i aust, og kortare grenser mot Finland og Russland i nordaust.

Noreg er det nest minste sirkulære landet i verda og har ei langstrekt form og ei av dei lengste og mest kuperte kystlinjene i verda med om lag 50 000 øyar, holmar og skjer. Fastlandet strekkjer seg over 13º breiddegrader, frå 58 ºN til meir enn 71 ºN (Svalbard nord til 81 ºN) og frå aust til vest strekkjer det seg frå 5 °E til 31 °E (Jan Mayen til 9 °W, Kvitøya til 33 °E).

Noreg er eit av dei nordlegaste landa i verda og eit av dei mest fjellkledde landa i Europa der store område er dominert av Dei skandinaviske fjella. Den gjennomsnittlege høgda er 460 meter og 32 % av fastlandet ligg over tregrensa.

Fjellkjeda som strekkjer seg gjennom heile landet er ei fortsetjing av fjella i Skottland og Irland og kryssar Atlanterhavet og dukkar opp som Appalachane i Nord-Amerika. Geologar meiner at alle desse danna ei enkel fjellkjede før oppbrytinga av det gamle superkontinentet Pangaea.

Heile landet var dekt av ei tjukk iskappe under den siste istida og i fleire tidlegare istider. Isrørsla grov ut djupe dalar og då isen smelta fylte sjøen desse dalane og danna dei kjende norske fjordane.

Landområda hevar seg framleis etter den enorme vekta av isen (isostatisk heving) og stig med fleire millimeter i året. Særleg den austlege delen av landet og dei indre områda av dei lange fjordane, der isen var tjukkast hevar seg «raskt». Dette er ein treg prosess og i tusenvis av år etter slutten av istida dekte sjøen store område som i dag er tørt land. Sjøen nådde opp til det som i dag er ei høgd på 221 meter i Oslo (Aker), 25 meter i Stavanger, 5 meter nær Stad, 180 meter i Trondheim, 50 meter i Tromsø og 75 meter i Kirkenes. Den gamle havbotnen er i dag dei beste jordbruksområda i landet.

Isbrear i dei høgare fjellområda i dag er ikkje restar av den store iskalotten frå istida og er langt nyare.. Klimaet i området var 1-3 °C varmare rundt år 7000 f.Kr. til 3000 f.Kr. (relativt til normalperioden 1961-1990) og restane av isbreane i fjellet smelta heilt i denne perioden.

Isbreane har grave ut Sognefjorden, som er den nest lengste fjorden i verda og Hornindalsvatnet som er den djupaste innsjøen i Europa. mini|Fossar er vanlege langs vestsida av fjellkjeda, her Dei sju systrene i Geirangerfjorden.

Statistikk mini|Regionar og fylke i Noreg

Geografiske koordinatar:

Areal: totalt: 324 220 km² land: 307 860 km² vatn: 16 360 km² Med Svalbard og Jan Mayen: 385 199 km²

Landegrenser: total: 2 515 km grenseland: Finland 729 km, Sverige 1619 km, Russland 196 km

Kystlinje: 25 148 km (kontinentalt); 83 281 km (inkludert øyar) http://odin.dep.no/odin/engelsk/norway/environment/032091-991558/dok-bn.html

Maritime krav: nærliggande sone: 10 nm (19 km) kontinentalsokkel: 200 nm (370 km) eksklusiv økonomisk sone: 200 nm (370 km) territorialfarvatn: 4 nm (7 km)

Fysisk geografi mini|Satellittbilete av fastlands-Noreg om vinteren. Dei skandinaviske fjella. Dei skandinaviske fjella er det mest dominerande landskapstrekket i Noreg. Frå Setesdalsheiane i sør ved kysten av Skagerrak går fjella nordover og dekkjer store delar av landet, men fjordane skjer seg innover i fjella frå nord til sør. Av fjellområda i landet finn ein Hardangervidda, Jotunheimen (med Galdhøpiggen 2469 moh), Breheimen og Trollheimen med store isbrear som Jostedalsbreen, Folgefonna og Hardangerjøkulen. Fjellkjeda svingar austover sør for Trondheim med fjellområde som Dovrefjell og Rondane, og når grensa til Sverige, der dei hovudsakleg er svakt hellande platå. Fjella går så nordaustover (og er kjende som Kjølen). I Nordland og Troms vert fjella meir alpine og dannar mange øyar der dei går ut i havet. Dei skandinaviske fjella dannar Lyngsalpane og strekkjer seg til nordvestlege delar av Finnmark. Dei vert gradvis lågare frå Altafjorden mot Nordkapp, der dei slutt endar ved Barentshavet.

Dei skandinaviske fjella har naturleg delt landet i fysiske regionar med dalføre som strekkjer seg ut frå fjella i alle retningar. Dei følgjande fysiske regionane utgjer berre delvis dei tradisjonelle regionane og fylka i Noreg:

Sørkysten. Den sørlege kysten mot Skagerrak og Nordsjøen er eit lågland sør for fjellkjeda. Det strekkjer seg frå Stavanger i vest til dei vestlege og ytre delane av Oslofjorden i aust. I denne delen av landet går dalføra hovudsakleg frå sør til nord. Området er åslendt, men med enkelte svært flate område som Jæren og Lista.

Søraust. Landområda aust for Langfjella, fjellkjeda som deler Sør-Noreg i to (svarer til Austlandet, det meste av Telemark og Røros) er dominert av dalar som går frå nord til sør i aust og meir nordvest-sørvest lenger vest, og dalane samlar seg ved Oslofjorden. Dei lengste dalføra i landet er Østerdalen og Gudbrandsdalen. Denne delen inneheld òg større lågtliggande område rundt Oslofjorden og elva Glomma og innsjøen Mjøsa.

mini|venstre|Lysefjorden sett frå Preikestolen Vestfjordane. Landområda vest for Langfjella (svarer til Vestlandet nord for Stavanger) er dominert av fjellkjeda sidan fjella går heilt ut til kysten. Fjella vert derimot gradvis lågare ut mot kysten og store fjordar skjer seg austover i landet. Dei største fjordane er Sognefjorden og Hardangerfjorden. Geirangerfjorden er kanskje den mest kjende fjorden i landet og vert stundom rekna som det ultimate fjordlandskapet, omgjeve av høge fjell og flotte fossefall. Kysten er verna av ein skjergard med tusenvis av skjer og holmar som går parallelt til kysten og som gjev ei forholdsvis verna skipslei nesten heile den 1600 km lange vegen frå Stavanger til Nordkapp. Fjordane og dalane går hovudsakleg frå vest til aust, og lenger nord frå nordvest til søraust.

Trondheimsregionen. Området nord for Dovre (svarer til Trøndelag bortsett frå Røros) består av eit meir jamt landskap med meir avrunda former og fjell og med dalar som samlar seg ved Trondheimsfjorden, der dei opnar seg opp og dannar eit større låglandsområde. Lenger nord ligg Namdalen, som opnar ut mot Namsos-området. Fosenhalvøya og den nordlegaste kysten (Leka) er meir dominert av fjell og tronge dalar.

Nordfjordane. Landet lenger nord (svarer til Nordland, Troms og det nordvestlege Finnmark) er igjen meir dominert av spisse fjell som går heilt ut til kysten og svært mange fjordar. Fjordane og dalane går hovudsakleg frå vest til aust i den sørlege delen av området og meir frå nordvest til søraust lenger nord. Saltfjellet-området er eit unntak der dalane går meir frå nord til sør frå dette fjellområdet. Dette langstrekte området består av mange store øyar og øygrupper, som Lofoten, Vesterålen og Senja.

Lengst nordaust. Dei indre områda og områda aust for Nordkapp (svarer til Finnmarksvidda og Aust-Finnmark) er mindre dominert av fjell og ligg hovudsakleg under 400 meter over havet. Dei indre områda er dominert av den store Finnmarksvidda. Det er store, vide fjordar som går frå nord til sør. Kysten her har ikkje dei små øyane og skjergarden som er typisk for resten av norskekysten. Lengst aust går Varangerfjorden frå aust til vest, og han er den einaste store fjorden i landet som har opning mot aust. mini|Typisk norsk landskap med bygd Svalbard. Lenger nord, i Nordishavet, ligg øygruppa Svalbard, som òg er dominert av fjell. Desse fjella er derimot stort sett dekte av store isbrear, særleg aust i øygruppa der isbrear dekkjer 90 % av overflata. Austfonna er den største isbreen i Europa. I motsetnad til på fastlandet kalvar desse isbreane direkte ut i det opne havet.

Jan Mayen. Lengst i nordvest, halvvegs til Grønland, ligg øya Jan Mayen der Beerenberg ligg, den einaste aktive vulkanen i Noreg.

Bouvetøya. Ligg i Sør-Atlanteren på 54 ºS og er stort sett dekt av isbrear. Øya er ein av dei mest fjerntliggande og isolerte stadane i verda og er berre busett av sel og fuglar.

Peter 1.s øy. Øya ligg i Sørishavet ved 69 °S og 90 °W og er dominert av isbrear og ein vulkan. Som med Bouvetøya er denne øya rekna som eit biland og er ikkje ein del av Kongeriket.

Dronning Maud Land er Noreg sitt krav på Antarktis. Dette store sektorområdet strekkjer seg mot Sørpolen og er totalt dominert av den største iskalotten i verda, men har òg nokre imponerande nunatak som stikk opp av isen. Troll forskingstasjon er bemanna av Noreg og ligg på ei snøfri fjellside, den einaste stasjonen i Antarktis som ikkje ligg på isen.

Lys, tidssone og tidvatn Områda i Noreg som ligg nord for polarsirkelen har midnattssol om sommaren og mørketid om vinteren. Lengda på desse periodane er avhengig av breiddegraden. I Longyearbyen, er den øvre delen av sola over horisonten (om denne er synleg) frå 19. april til 23. august, og vintermørket varer frå 27. oktober til 14. februar. For Nordkapp er dei same datoane frå 11. mai til 31. juli og 19. november til 22. januar. For Tromsø er datoane 17. mai - 25. juli og 19. november - 22. januar. I mørketida er det ikkje fullstendig mørkt på fastlandet. Det er tussmørke eit par timar midt på dagen i Troms, men i Longyearbyen er det nesten heilt mørkt i midten av mørketida. Sjølv dei sørlege delane av landet har store variasjonar i lengda med dagslys. I Oslo står sola opp 03:54 og går ned 22:54 ved sommarsolkverv, men er berre over horisonten frå 09:18 til 15:12 ved vintersolkverv.

Tida med lyse netter, då sola går ned etter 20:00 om kvelden, varer frå om lag 1. april til 10. september i heile landet bortsett frå Aust-Finnmark. Tida med korte dagar, då sola går ned før 16:00 om ettermiddagen varer frå 24. november til 7. januar i Stavanger, 11. november til 19. januar i Oslo, 4. november til 28. januar i Trondheim, frå siste søndag i oktober til 18. februar i Tromsø og frå 18. oktober til 2. mars i Vardø.

Den nordlege delen av landet ligg i området med mykje nordlys, men stundom kan ein sjå dette fenomenet i heile landet.

Noreg nyttar Central European Time, som svarer til 15° austleg breiddegrad. Sidan landet er veldig langt fører dette til store lokale variasjonar for periode med dagslys. I Vardø står sola opp 64 minutt tidlegare og i Bergen 39 minutt seinare. Finnmark får derfor meir sollys om morgonen, men mindre om kvelden, medan Vestlandet får mindre sol om morgonen og meir om kvelden. Sommartid (UTC +2) varer frå siste søndagen i mars til siste søndagen i oktober.

Skilnaden mellom fjøre og flo er liten på sørkysten og stor i nord. Skilnaden varierer frå 0,17 m i Mandal, 0,30 m i Oslo og Stavanger, 0,90 m i Bergen, 1,80 m i Trondheim, Bodø og Hammerfest og så mykje som 2,17 m i Vadsø.

Klima mini|Kart over Noreg som viser den normale temperaturen (årsmiddel). Normalperiode 1961-1990. Klimaet i Noreg er overraskande temperert til å at det ligg så langt nord. Dette kjem hovudsakleg av Golfstraumen og forlenginga Norskestraumen som varmar opp lufttemperaturen, og dei rådande sørvestlege luftstraumane som fører mildt luft inn over land.