Sir Edward William Elgar () var ein engelsk komponist.
Han blei fødd i den vesle byen Lower Broadheath utanfor Worcester, Worcestershire. Foreldra var William Elgar, pianostemmar og musikkhandlar, og kona hans Ann. Edward var den fjerde i rekkja av seks barn; dei tre brørne var Henry, Frederick og Francis, og dei to systrene Lucy og Susannah.
Av Elgars mest kjende verk er Enigmavariasjonane 1898-1899 og The Pomp and Circumstance Marches (1901). Mellom 1902 og 1914 naut Elgar stor suksess, mellom anna med fire turar til USA. Mellom 1905 og 1908 var Elgar Professor of Music ved Birmingham sitt Universitet. Elgar sin Symphony No. 1 (1908) blei framført hundre gonger allereie det første året.
Tidslinje 1869: Komponerer sitt første musikkstykke 12 år gammal. 1872: Byrjar å arbeide på eit advokatkontor. 1889: Gifter seg med offisersdottera Caroline Alice Roberts. 1890: Komponerer sitt første store verk, Froissart. 1899: Enigma Variations vert uroppført. 1902: Komponerer musikken til Edvard VII si kroning. 1904: Den første Elgar-festivalen i London. Elgar blir adla. 1905: Besøkjer USA og blir æresdoktor ved Yale-universitetet. 1920: Kona døyr og han blir djupt deprimert, og den produktive perioden hans er over. 1934: Han døyr 23. februar i heimen sin ved Worcester.
Utvalde verk 1888: Salut d´amour 1890: Overturen Froissart 1892: Serenade for strykarar 1899: Enigma Variations, Sea Picures 1900: Oratoriet The dream of Gerontius 1901: Cockaigne, Pomp and Circumstance March no 1 (Land of Hope and Glory) 1904: Overture In the South 1905: Introduction and allegro for strings 1908: Symfoni nr 1 1910: Fiolinkonsert 1911: Symfoni nr 2 1913: Symfonisk studie Falstaff 1918: Strykekvartett 1919: Cellokonsert; Pianokvintett
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Edward Elgar» frå , den 7. mai 2008.
Bakgrunnsstoff
The Elgar Society and The Elgar Foundation
Kategori:Engelske komponistar