Østre Toten er ein kommune i Oppland i Innlandet fylke. Kommunen grensar til Vestre Toten, Gjøvik og Hurdal og Eidsvoll.

Folkesetnad Busettinga er temmeleg spreidd, men folk flest bur i tettstadane Skreia, Kapp, Kolbu og Lena.

Næringsvegar Østre Toten er ein av dei største jordbrukskommunane i Oppland. Dette gjev bakgrunnen for kommunevåpenet, som er ein potetplante. Østre Toten er ein av Noregs største produsentar av potet og lauk. Kims fabrikkar, som lagar potetchips, ligg på Skreia.

Utdanning 12 barneskular 2 ungdomsskular 2 vidaregåande skular 1 folkehøgskule

Militære Tidlegare låg eitt av hærens kløvkompani, i tillegg til hærens vetrinærteneste på Starum leir. Denne vart nedlagd på starten av 1980-talet. FLO-Sanitet (Sanitetsmagasin Sør-Norge) ligg framleis på Starum, men er planlagd nedlagt. På dette området ligg i dag Norsk Hestesenter

Delar av Steinsjøen skytefelt ligg i Østre Toten kommune.

Kjende personar frå Østre Toten Peder Balke (1804—1887), kunstmålar Johan Solberg (død 2020, 98 år), motstandsmann, siste norske Stutthof-fange (Kolbu)Johan (92) overlevde helvete. oa.no. Vitja 21. juli 2020Norsk bistandsadvokat: Forventer dom mot tidligere SS-vakt (93). vg.no. Vitja 21. juli 2020 Margit Sandemo, forfattar Inger Lise Rypdal (f. 1949), songar, musikar, skodespelar Ingrid Moe Wold (f. 1990), fotballspelar May-Britt Anderssen, musikar Nils Faarlund, vegleiar i friluftsliv

Bilete

Bakgrunnsstoff Østre Toten kommune

Kategori:Toten Kategori:Tidlegare kommunar i Oppland Kategori:Kommunar i Innlandet