Jacob Sverdrup Smitt () var ein norsk biskop og stortingsmann.

Smitt var fødd i Nordre Land. Han vart teologisk kandidat ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo i 1860. Frå 1862 kapellan på Voss, sidan lærar også. 1865 flytta han til Hammerfest og underviste ved ein borgarskule i byen, to år etter vart han sogneprest i byen. Han var biskop i Tromsø stift 1876–85, seinare i Kristiansand frå 1885 til han døydde i 1889.

I tre periodar (1874–1882) representerte han Tromsø, og byane i Finnmark på Stortinget, frå 1877 var også Bodø med i valkrinsen. Han var også lagtingspresident 1880–82. Mest alle stortingssesjonane var han jamnt medlem av kyrkjekomiteen.

Han døydde på Holla prestegard under ei visitasreise.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jacob Sverdrup Smitt» frå , den 20. mai 2008. Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske lutherske biskopar Kategori:Tidlegare biskopar i den norske kyrkja Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Folk frå Nordre Land