Duft er namnet på ein gangar i 6/8-takt, som skal vera forma ut av spelemannen Lars Fykerud. Somme kallar og slåtten for Musehaugen. Namnet Duft vart sett på slåtten av spelemannen Halvor Borgen frå Bø i Telemark, etter ein god tråvarhest han åtte. Slåtten har venteleg kome til Hallingdal gjennom Gamle-Kleven, som møtte spelemenn frå dalen på Drammensmarken. I Hallingdal er slåtten nytta til lausdans.

Dei fleste formene av slåtten er kjenneteikna av ein akkordisk melodiline, som er typisk for den hardingfelestilen som vart utvikla i andre halvdelen av 1800-talet. I Hallingdal er det vanleg å skifte mellom 6/8 og 2/4 midt i slåtten.

Hardingfeleverket har lista opp slåtten under nr 107, band I. Slåtten er skriven ned i fleire variantar:

a: Duft, etter Wilhelm Sorteberg, Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen 1922 (Ø 55). Sorteberg hadde truleg slåtten frå spelemenn i Telemark.

b: Duft, etter Gunnulv Borgen. Nedskrift Truls Ørpen 1946 (Ø 370). Borgen hadde slåtten frå far sin, Halvor Borgen.

c:Halling, etter Johan Kleven, Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen 1915-16. Kleven hadde slåtten frå far sin, Gamle-Kleven.

d: gangar, etter Øystein Hovdestad, Vinje. Nedskrift Eivind Groven 1919 (G 723).

e: Gangar, etter Olav Evju, Nes i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1938 (G 428).

Supplementsnedskrifter band VII:

Alle desse formene av slåtten er nytta i Hallingdal.

123a: Halling, etter Kristian Øvrevollseie, Hol . Nedskrift Sven Nyhus 1978 etter opptak.

123b: Halling, etter Botolv Dekko, Ål . Nedskrift Sven Nyhus 1978.

123c: Duft, etter Sevat Sataøen, Ål . Nedskrift Sven Nyhus 1978. Sataøen hadde slåtten etter Ola Dekko og Tor Grimsgard.

Det er og skrive ned ein stubb etter Sevat Sataøen, som minner mykje om Duft, men som krinsar om dei midtre veka i slåtten. Forma er skriven ned etter Lars Gjeldokk frå Ål, av Sven Nyhus i 1977 . Slåtten har nr 178 i 2/4-gruppa. Forma er og nytta av Magne Myhren.

.

Kategori:Norske slåttar