Hauraki District200px|center Namn Hauraki Folketal 17 193 (Folketeljinga i 2006) Grenser Haurakigolfen til Waihi; Firth of Thames til Bay of Plenty Hauraki District Council ligg i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Administrasjonssenteret i distriktet er Paeroa.
Distriktet strekkjer seg frå det sørvestlege hjørnet til havarmen Firth of Thames søraust mot byen Te Aroha, men sjølve byen ligg utanfor distriktsgrensene. Det når aust til kysten i Bay of Plenty, og omfattar den sørlegaste delen av Coromandelhalvøya. Resten av halvøya ligg i Thames-Coromandel District.
Kjennemerke i distriktet er passet Karangahake Gorge, busetnaden Whiritoa, sletteområdet Hauraki Plains og gullgruvebyen Waihi. Byen Ngatea ligg òg i distriket.
Distriktet dekkjer ei flate på 1144 km², og hadde ved folketeljinga i 2006 eit innbyggjartal på 17 193. Av desse budde 3975 i Paeroa og 4500 i Waihi.
Bakgrunnsstoff Heimesida til distriktsstyret Det offentlege biblioteket i distriktet
Sjå òg Distrikt på New Zealand Regionar på New Zealand
Denne artikkelen bygger på «Hauraki District» frå , den 23. mai 2008.
Kategori:Waikato Kategori:Thames-Coromandel Kategori:Distrikt på New Zealand