Kvernes stavkyrkje er ei stavkyrkje i Averøy kommune på Nordmøre. Kyrkja er av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Karakteristisk for denne kyrkja og Rødven stavkyrkje er dei utvendige skordene. Kyrkja vart truleg bygd på siste halvdel av 1300-talet. Kyrkja vart omfattande ombygd mellom anna med lafta kor i 1633.

I samband med ombygginga i 1633 vart inngangen flytta frå vestsida av kyrkjeskipet til sørsida. I 1776 vart kyrkja igjen ombygd og endå ei gong i 1810 med ein takryttar.

I 1894 vart kyrkja seld og kjøpt av ei gruppe menneske som seinare gav heile kyrkja til Fortidsminneforeningen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Fortidsminneforeninga om stavkyrkja Riksantikvaren om stavkyrkjeprogrammet Kunsthistorie.com (arkivside) «Kvernes stavkirke» på nettstaden stavkirke.org

Kategori:Kyrkjer i Averøy Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1300-talet Kategori:Norske stavkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar Kategori:Kulturminne i Averøy Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Rosemåla kyrkjer