mini|Stormsvaleegg Stormsvale (Hydrobates leucorhous, tidlegare Oceanodroma leucorhoa) er ein liten fugl i stormsvalefamilien. Stormsvala har ei normal kroppslengd på 18–21 cm og eit vengespenn på ca. 43–48 cm. Ho er ein svartbrun fugl med gråkvit overgump og kløfta hale. Stormsvala er tydeleg større enn havsvala, som ho liknar med kvitt band over overgumpen på ei elles mørk fjørdrakt.

Stormsvale hekkar på øyar i Nord-Atlanteren, og dessutan frå Japan til Aleutane og øyar utanfor vestkysten av Mexico. Den største kolonien av fuglane finst på Baccalieu-øya aust i Canada, der over 3 millionar par hekkar. Første indikasjonen på hekking i Noreg fekk ein då ein koloni vart oppdaga på Røst i Lofoten i 1961. Sikkert bevis for hekking fekk ein først fleire år seinare.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leach's Storm-petrel» frå , den 2. desember 2010.

Bakgrunnsstoff Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av stormsvale Hydrobates leucorhous for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 30. desember 2021 Tycho Anker-Nielssen, 1994, Artsomtale: Oceanodroma leucorhoa – stormsvale, S. 44 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 30. desember 2021

Kategori:Stormsvalefamilien Kategori:Fuglar i Noreg Kategori:Fuglar i Atlanteren