mini|Holsleiver med ulik utforming, produserte i byrjinga og midten av førre hundreåret Ei holsleiv, i Nord-Noreg òg kalla ein «sasspon» eller «sodspon», er ei flat sleiv med hol i.

Hola i skeibladet gjer at kokevatn sig ut. Difor høver ho godt til å lyfte fiskemolar opp or gryta. Ein kan også nytta ho til fritering, sylting og safting.

Holsleiver vert tradisjonelt laga i tre, men dei kan òg lagast i plast. Når dei er produserte i metall, får dei ei anna utforming. Ein variant vert kalla fiskespade.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Søk etter holsleiv i Digitalt Museum Søk etter hullsleiv i Digitalt Museum kategori:Kjøkenutstyr