Det storpolske opprøret i 1806 var eit militært opprør av polakkane i Stor-Polen mot styrkar frå Preussen som okkuperte området etter delingane av Polen (1772–1793).
Opprøret var organisert av general Jan Henryk Dąbrowski for å hjelpe dei framrykkande franske styrkane under Napoléon Bonaparte med å frigjere Polen frå prøyssarane. Det storpolske opprøret var den avgjerande faktoren som gjorde at Hertugdømet Warszawa vart oppretta same året og at Stor-Polen vart ein del av hertugdømet.
Opprøret var eit av dei to mest suksessrike opprøra i polsk historie i tillegg til det storpolske opprøret i 1918-1919.
Kjelde Denne artikkelen bygger på «Greater Poland Uprising (1806)» frå , den 5. juni 2008.
Kategori:Polske krigar Kategori:Prøyssiske krigar Kategori:Konfliktar i 1806 Kategori:Stor-Polen