Polmak kyrkje er ei langkyrkje frå 1853 i Tana kommune i Finnmark fylke. Kyrkja ligg i bygda Polmak ved Tanaelva, under ein kilometer i luftlinje frå finskegrensa. Riksveg 895 går like ved kyrkja.

Byggverket er i tre og er bygd med 180 sitjeplassar.Polmak kyrkje frå kyrkjedatabasenDen blei sannsynlegvis reist etter teikningar laga lokalt og med merknadar frå Johan Henrik Nebelong.Om Johan Henrik Nebelong i Norsk kunstnerleksikon, b.N-So, side 22 digital utgåve

Kyrkja er langstrakt og sett saman av fire delar og midtpartiet som inneheld skipet og koret er den eldste.Polmak kirke frå Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard

Kyrkja var i dårleg forfatning etter andre verdskrig. I samarbeid med Riksantikvaren stod Trond Dancke for ei utviding og restaurering av kyrkja i 1959. Inngangspartiet blei fornya og kyrkjeskipet forlenga. Kyrkja fekk òg eit galleri.

Referansar

Litteratur

Bakgrunnsstoff Fotografi av kyrkja teke av Knud Knudsen i perioden 1895-1905

Kategori:Kyrkjer i Tana Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Kyrkjer i Indre Finnmark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Kulturminne i Tana Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme Kategori:1853 i Noreg