Kalisz er ein by sentralt i Polen med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Prosna søraust i Storpolske voivodskap, og dannar eit storbyområde i lag med dei nærliggande byane Ostrów Wielkopolski og Skalmierzyce.
Kalisz er ein viktig industrielt og kommersielt senter i regionen med fabrikkar som pianofabrikanten Calisia. Byen er òg eit senter for tradisjonell folkekunst.
Kalisz er ein av dei eldste byane i Polen, og har ei historie så lang tilbake som til byrjinga av 100-talet. I 1281 fekk han status som by. Under den første verdskrigen vart byen kraftig bomba og sterkt skadd.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kalisz» frå , og «Kalisz» frå den 17. juni 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Polen