Kompletorium (frå latin, eigentleg 'avslutting') er ei tidebøn som vert beden som ei liturgisk kveldsbøn før leggjetid.

Liturgi Under nemninga kveldbøn har denne tidebøna fått plass i Gudstenestebok for den norske kyrkja. Liturgien for denne kveldsbøna inneheld følgjande ledd: Innleiing Kveldssalme Syndsvedkjenning Bibelske salmar – ein tillitssalme frå salmane i Det gamle testamentet Tekstlesing Etter tekslesinga kan ein syngje ein svarsalme, vere stille eller ein kan halde ein stutt tekstmeditasjon Simeons lovsong (Nunc dimittis) – dette leddet er spesielt for kveldsbøna Bøn; gjerne ei kollektbøn Herrens bøn Overgiving i Guds hender Avslutning – lovprising, velsigning og evt postludium.

Kjelder: Cappelens musikkleksikon (1980) ISBN 82-02-03690-9 Gudstenestebok for Den norske kyrkja del I Gudstenester ISBN 82-543-0507-2

Kategori:Kristen liturgi